Historien om Epli Sideri

Eit tilbakeblikk
Epli Sideri si historie starta tilbake i 2015 då dei to brødrene Kristian og Karl Magnus starta å lage eplemost og sider på familiegarden på Sekse i Hardanger. Dei to brødrene danna då selskapet Hardangergutane. Kort tid etter oppstart kom kona til Kristian, Inger, inn i selskapet. Ho er ei flink og allsidig dame som kjem frå Stavanger. Det heile starta på låven i den gamle driftsbygningen på familiegarden på Sekse kor brødrene begge er vokst opp på austsida av Sørfjorden. Med enkelt produksjonsutstyr og stor entusiasme starta dei opp. Etter nokre år vaks Hardangergutane ut av driftsbygningen, og flytta inn i eit større lokale i eit gammalt fruktlager på Børve. Inger og Kristian kjøpte i 2021 ein ny og større gard på Sekse kor dei på kort tid har gjort eit omfattande arbeid med å plante opp nye frukthager, samt at dei også etter kort tid starta å planlegge bygging av nytt produksjonslokale. Garden ligg tett på fjord og fjell i idylliske omgivelser ca 100 m.o.h midt i eit av landets største og eldste fruktdistrikt – Hardanger. Frå gammalt av var det både eple, pære, plommer og moreller på garden. I dag satsar dei kun på eple og har planta ulike sorter i større skala. Alle eplene har sin særegne smak – frå det søte, til det meir syrlege og friske. Dette er eit resultat av klimaet og det næringsrike jordsmonnet i området. Eplene blir forsiktig hausta for hand og foredla til bruk i både most og sider.

I 2023 valgte Karl Magnus å gå ut av selskapet og Inger og Kristian tok over drifta.

Ein ny epoke
Sommaren 2024 går Hardangergutane inn i ein ny og spennende epoke kor produksjonen blir flytta tilbake på Sekse i nye og meir tilpassa lokale. Summen av desse endringane gjorde at vi hadde ønske om å skapa ein tydeligere identitet, og navnet Epli Sideri såg dagens lys.

Epli er eit gammelt ord for eple som i tidligere tider vart nytta i dagligtale i Hardanger og stammar opprinnelig frå norrøn tid.

Januar 2024 starta Inger på verdens første Pommelier utdanning i regi av Fagskulen Vestland i Ulvik. Som Pommelier student lærer ein å smake. Sensorikk, altså korleis ein skal lukte og smake på sider for å beskrive luktene og smakene korrekt ut fra stil, klassifiseringssystem for sider, prosessmetoder, terroir, historie og kultur både nasjonalt og globalt. Metode og kvalitet er hoveddel av studiet.

Dette vil gi Inger tittelen Pommelier. Denne kunnskapen gleder vi oss til å ta med videre i utvikling av våre produkter

Smak og bærekraft
Epli Sideri sine produkt er ekte og heilt uten kunstige tilsetninger. Vi legg vekt på at både smak og det visuelle er ivaretatt, og har utvida sortiment med fleire sorter frukt og bær. I dag produserer vi eit mangfold av eplemost og sider produkt.  Vi har eit sterkt fokus på bærekraft og utnyttelse av ressurser og samarbeider i dag med fleire bønder som nyttarvåre restprodukt som dyrefor. Våre sidere har fått tildelt fleire internasjonale utmerkelser og kan kjøpes direkte fra utsalget vårt på gården, Vinmonopolet, samt på utvalgte restauranter.


Nytt navn – samme gode kvalitet
Epli Sideri er eit nytt bedriftsnavn, men identiteten på våre produkter vil være lett gjenkjennelig med samme etikett, produktnavn og gode kvalitet.

 

Velkommen på besøk
Epli Sideri drives i dag som ei familiebedrift av Inger & Kristian kor fleire
generasjoner jobbar i lag. Gardsutsalget finner du i det nye sideriet vårt, som ligger skjermet til med ein fantastisk utsikt over fjord og fjell. Her har vi fleire produkt som kun fås kjøpt på gården hos oss. Enkel tilkomst med parkering like utenfor døra.

Vi tar imot grupper for sidersmaking etter avtale.

Du er hjertelig velkommen til å besøke oss på gården. Adressa er Seksevegen 84, 5773 Hovland, Ullensvang kommune.

Helsing Inger & Kristian

Ekta eplemost og sider frå Hardanger